Framside

Haaland Tannklinikk AS



Haaland Tannklinikk har avdelingar i Odda og på Tysnes. Les meir om oss og kva me har å tilby våre pasientar på sida under.

Haaland Tannklinikk


Haaland Tannklinikk har tannklinikkar i Odda og på Tysnes. Klinikken i Odda ligg i hjartet av Odda sentrum, og tilbyr tannhelsetenester til sine pasientar.

Klinikken har tre tannlegar fast tilsett, samt tannpleiar og tilknytta spesialist i oralkirurgi og oralmedisin. Me har tre behandlingsrom, og klinikken held til i 2. etg. i Eitrheimsvegen 20. Klinikken på Tysnes opna i 2025, og har per i dag to behandlingsrom.

Ulike behandlingsalterantiv


Tannklinikken tilbyr behandling innanfor mellom anna desse behandlingsområda:


  • Undersøkingar og anna førebyggande arbeid.
  • Konserverande behandling/fyllingsterapi.
  • Endodontisk behandling/rotfyllingsbehandling.
  • Protetisk behandling, både med fast og avtakbar protetikk.
  • Tanntrekking.
  • Systematisk behandling av tannkjøtsjukdommar/periodontitt.


I tillegg til å tilby behandling innanfor dei fleste av fagretningane innanfor odontologi, har klinikken gode rutinar på tilvising til spesialistar der det er indikasjon for dette. Døme på situasjonar der ein lyt tilvisast er behandling med implantat, eller kjeveortopedisk behandling.

Dei ulike behandlingsalternativa, og kva dei inneber


Nedanfor kjem ei kort oppsummering av dei ulike behandlingsretningane klinikken tilbyr. I tillegg kan ein trykke på "Les meir" for å få ei meir utfyllande skildring av dei ulike tilboda.

Undersøkingar og førebyggande arbeid

Klinikken tilbyr regelmessige undersøkingar av pasientar, med eit individuelt tilpassa innkallingsintervall til kvar enkelt pasient.

Les meir




Fyllingsterapi

Fyllingsterapi etter karies eller mista fyllingar blir utført med det nye innan material og teknikkar for å sikre eit best mogeleg sluttresultat.

Les meir


Endodontisk behandling

Rotfyllingar vert utførte både med tradisjonell teknikk og med den nyare maskinelle utrensinga, alt etter kva som passar best i kvart enkelt tilfelle.

Les meir


Protetikk

Erstatting av tapte tenner blir tilbydd i form av kroner, bruer eller proteseløysingar. Val av behandling er avhengig av det kliniske biletet og pasienten sine eigene ynskje.

Les meir



Systematisk behandling av periodontitt

Klinikken tilbyr systematisk behandling og oppfølging av pasientar med grav marginal periodontitt/tannkjøtsjukdom.

Les meir


Med høve til å tilvise

Dersom det er trong for spesialistbehandling, har klinikken gode tilvisingsrutinar for dette. Situasjonar der dette kan vere naudsynt, er mellom anna ved implantatbehandling.